Kva er Norheimsund Friskule?

Norheimsund Friskule er ein kristen grunnskule, godkjent for 65 elevar frå 1. - 10. trinn. Skulen er organisert som ei foreining, og det var personar frå ulike lutherske organisasjonar som starta skulen i 2007.

Me ønskjer å drive undervisning ut frå ein kristen ståstad, og har kristendom som eige fag på timeplanen.

For at elevane skal lære best mogleg, jobbar me systematisk med innlæring av nye/ukjente begrep, noko som gjev betre læreforståing og progresjon i læringa. Forsking viser og kan dette kan vere med å førebyggja lærevanskar. Borna vert meir fokuserte, hugsar betre og får større motivasjon for læring. Fleire fullfører og ungdomsskulen med gode karakterar.

Skulen ligg i Vikøy, ca 4 km frå Norheimsund, mot Tørvikbygd

Sjå kart her

Kven kan gå på skulen?

Alle elevar på grunnskulenivå kan gå på Norheimsund Friskule, sjå Inntaksreglementet her

Fådelt skule

Norheimsund Friskule er ein fådelt skule. Det vil seie at småtrinnet er delt i to grupper i norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag, elles er 1.-4. klasse i lag. 5.-7. og 8.-10.klasse er i lag, men elevane jobbar på ulike nivå i dei ulike faga. Oppdelinga kan variere frå år til år, alt etter kor mange elevar det er på kvart trinn.

Me trur at ein mindre skule vil skape ein god og positiv kontakt elevane imellom og mellom den enkelte elev og lærarane, og me ynskjer å ha fokus på trivselen til den enkelte elev. Ein skule som dette er også avhengig av nær og tett kontakt med foreldra - noko som også vil vera positivt for skulemiljøet.

Kvifor velje Norheimsund Friskule?

Me ønskjer at elevane skal bli kjent med den kristendommen, og kva tankar Gud har for den enkelte.

Me ønskjer å vere opptekne av læring. Skulen har små grupper, og har tid til den enkelte. Det er naturleg for oss å drive tilpassa undervisning.


Skulen jobbar systematisk med begrepsundervisning og har stor tru på at dette er ein god måte å lære på for alle. Me legg og vekt på konkret og praktisk undervisning, og har stort potensiale i naturen rundt oss.