Systematisk begrepsundervisning
Stor, rund, loddrett, firkanta og stripete. Barn må forstå mange begrep for å kunne lære. Språket speler ei viktig rolle når barn skal lære å lese, skrive og rekne. Begrep om til dømes form, antal, farge, storleik, retning, stilling, smak og verdi hjelper borna å halde på kunnskapen og hente han sikkert fram igjen. Ved å lære å oppdage og namnsetje ulike eigenskapar kan all lærdom setjast i system slik at det skaper meining og orden. I staden for å putte all ny informasjon i ei einaste stor «roteskuff», lærer barnet å sortere kunnskapen i eit oversiktleg system.
Norheimsund Friskule har eit ønskje om at at elevane skal få eit best mogleg tilpassa under¬visnings¬tilbod og eit solid utgangspunkt for vidare utdanning og yrkesliv, difor ønskjer me å satse på denne pedagogikken om systematisk begrepslæring. Forsking viser at systematisk innlæring av nye/ukjente begrep, kan vere med å førebyggje lærevanskar. Borna vert meir fokuserte, hugsar betre og får større motivasjon for læring. Fleire fullfører ungdomsskulen med gode karakterar.