Tilsette på Norheimsund Friskule 2017-2018.


Ønskjer du å sende e-post til ein tilsett; skriv fornamn.etternamn@friskulen.no

Rektor bruker e-postadressa: rektor@friskulen.no


Brit Gjerde Voster er rektor ved Norheimsund Friskule, kjem opprinneleg frå Moster, men er no busett i Norheimsund. Brit er utdanna ved Statens Lærarhøgskule i Handels- og Kontorfag. I tillegg til å vere rektor underviser ho i norsk på ungdomstrinnet.

Solveig Buvarp Nyborg kjem frå Heradstveit i Tørvikbygd. Solveig har permisjon frå Friskulen i to år for å ta mastergrad i BU-undervisning.

Margun Mikkelsen Tordal, busett på Oma. Ho har lang og god erfaring frå den offentlege skulen. På Norheimsund Friskule er ho kontaktlærar på småtrinnet, men er og på dei andre trinna.

Vilhelm Gravdal er busett i Gravdal. Han er lektor og har kompetanse i naturfag, og matematikk. Han er kontaktlærar for ungdomstrinnet og underviser i ulike fag ved skulen.

Vivita Zaurina er spesialpedagog frå Latvia, men er busett i Ålvik. Ho har mastergrad i musikkterapi. Ho har permisjon frå Friskulen dette året, men underviser likevel i matematikk på småtrinnet.

Kristin Vistvik kjem frå Norheimsund og er utdanna møbelsnikkar. Ho er systemansvarleg og underviser i kunst og handverk på alle trinn.

 Nils Gunnar Oma, kjem frå Norheimsund og har bachelorgrad i Idrett. Han underviser blant anna i kroppsøving, engelsk, mat og helse, og natur, miljø og friluftsliv ved skulen.

Kjersti Brennsæter kjem frå Hurdal, men er no busett i Norheimsund Ho er adjunkt med kompetanse i norsk, engelsk. Ho underviser i engelsk, norsk, samfunnsfag og musikk. Ho er kontaktlærar for mellomtrinnet.

Anna Berit Norheim kjem frå Skjold i Rogaland, men er busett i Norheimsund. Ho er adjunkt med opprykk og har undervisningskompetanse i engelsk, musikk og kristendom.