Samaritanske gåver

Fredag 22. desember 2017 set familien Zaurins kursen mot Latvia og deler blant anna ut ca 100 samaritanske gåver, i tillegg til at dei kjøper julemat til mange på institusjonar (barneheimar, eldresenter og institusjonar for psykisk utviklingshemma).Tusen takk til alle som har vore med i år og, det er fantastisk kjekt å sjå kor mange som er med på dette. Me fortset neste år og, så det er berre til å spare på skoøskjene framover.


Samaritansk øskje: Tenk målgruppe (jente 5-10 år, dame 20+, babygut 0-2 år...). Bruk ei vanleg skoøskje og legg oppi noko varmt (ullsokkar, stillongs, sjal..), noko godt (pulverkaffi, te, sjokolade..), noko nyttig (såpe, tannkost, deodorant, leike...). Verdi ca 150 kroner. Pakk inn øskja og skriv lapp på (til gut 12-18). GOD JUL!


Dersom nokon gi ei gåve til aksjonen, er me veldig glade for det. Bruk då Julegåveaksjonskontoen 3530.27.60819