Byrje på Norheimsund Friskule?

Alle er velkomne til å verte elev på skulen. Dersom ein ønskjer ein uforpliktande prøvedag eller fleire, er det berre å ta kontakt med rektor. Skulen arrangerer førskuledagar for førsteklassingar i mars og juni. Ein kan og avtale andre/fleire dagar dersom ein har behov for det.

Dersom ein ønskjer å bli elev, fyller ein ut Innmeldingsskjemaet som ligg ved her. Skulen har og eit Inntaksreglement som kan vere nyttig å lese.

Innmeldingsskjema til Norheimsund Friskule finner du her: Last ned

Inntaksregelmentet til Norheimsund Friskule finner du her: Last ned

Ønskjer ein å bytte skule, gir ein melding til rektor ved skulen ein flyttar frå, og rektor der gir melding vidare til offentlege instansar.