Samaritanske gåver til Latvia

Også i år samlar Friskulen inn Samaritanske øskjer som blir gjevne til barn på barneheimar, eldre og funksjonshemma i Latvia. Familien Zaurins har i mange år besøkt barneheimar, institusjonar, eldresenter og laga til julefestar ulike stader for dei som har lite og ingenting i Latvia. I fjor delte dei ut ca 120 julegåveøskjer, i tillegg til mange matpakkar og godteposar.

Har du lyst å vere med på dette? Bruk i skoøskje (skulen kan hjelpe til med å skaffe), tenk ei målgruppe, for eksempel menn over 20 år, og legg oppi noko varmt (ullsokkar, ulltrøye), noko godt (sjokolade, pulverkaffi e.l) og noko nyttig (såpe, tannkost..). Pakk inn øskja og merk med "Mann 20+". Lever på Friskulen eller kontakt skulen så hentar me.

Dersom du har lyst å vere med å betale for matøskjene eller gi ei gåve til prosjektet, kan du setje inn pengar på Julegåvekontoen vår 3530.27.60819

Frist for innlevering av øskjer er måndag 17. desember