Mostraspelet

Torsdag 6. juni reiste mellomtrinnet til Moster, og fekk med seg både lyn, torden og fjelltur, før dei fredag fekk sjå Mostraspelet "I slik ei natt". Ei sterk og mektig oppleving! Spelet "I slik ei natt" vart framførd første gong for to år sidan, og er laga av Svein Tindberg. Han spela og ei av hovudrollene, - Tore Hund. Han som drap Olav Haraldsson på Stiklestad. Me anbefaler alle å reise til Moster neste pinse for å sjå spelet sjølv..