Ledig lærar og assistentstilling

Frå 1. august 2019 har Norheimsund Friskule ledig ca 80-100 % assistentstilling, og ei fast lærarstilling i 100 %

Om assistentstillinga:
Stillinga blir truleg omgjort til fast stilling i løpet av året. Arbeidsoppgåver vil vere å følgje enkeltelevar tett og ha ansvar for leksehjelpa. Arbeidstida følgjer skuleåret, men det er ønskjeleg at assistenten og blir med på planleggingsdagane.

Lønn etter kvalifikasjonar. Kortfatta søknad med CV til rektor@friskulen.no innan fredag 15. mars 2019.

Den som blir tilsett må aktivt vere med å fremje skulen sitt kristne føremål i kontakten med elevane.

Om lærarstillinga:
Sidan ein av lærarane våre i 100 % stilling sluttar, treng me ein som kan overta etter denne. Me ønskjer i utgangspunktet undervisningskompetanse i samfunnsfag, norsk, engelsk og kristendom, men andre fag kan og vere aktuelle. Kontaktlæraransvar høyrer og med til denne stillinga.

Den som blir tilsett må aktivt vere med å fremje skulen sitt kristne føremål. Den som blir tilsett må ha godkjent utdanning og fagkompetanse. Lønns- og arbeidsvilkår som i offentleg skule.

Kortfatta søknad med CV til rektor@friskulen.no innan fredag 29. mars 2019.


Ta gjerne kontakt på mobil 906 00 946 om du lurer på noko.

.