Førskuledag nye førsteklassingar

Onsdag 13. mars 2024 er alle nye førsteklassingar, eller dei som lurer på om dei vil begynne på Friskulen til hausten, invitert til ein førskuledag. Då følgjer dei timeplanen til 1.-4. klasse og er med i mange ulike fag. Send ein e-post til rektor@friskulen.no om du ønskjer å vere med. Foreldra må og gjerne vere med.