Ei vandring gjennom Mosebøkene - ungdomstrinnet

 
 
Fredag 23. november hadde ungdomstrinnet ei flott utstilling i kristendom for heile skulen. Temaet for utstillinga var "Ei vandring gjennom Mosebøkene". Her fekk elevar og lærarar oppleva kjente bibelforteljingar på ein ny måte, gjennom bilete, film og andre kreative uttrykk. Det vart ei flott oppleving for alle!

Kven har vel ikkje ynskt å telja stjerner med Abraham og drøyma om engelstigen slik som Jakob, eller å høyra Josef sjølv fortelja om livet sitt?

Det blir høve for alle som ynskjer å oppleva utstillinga på nytt under julefesten vår 13. desember. Velkommen innom då!
Side 1 av 2
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Side 2 av 2