Byrje på Norheimsund Friskule?

Alle er velkomne til å verte elev på skulen. Dersom ein ønskjer ein uforpliktande prøvedag eller fleire, er det berre å ta kontakt med rektor.  Det blir besøksdag for 7. klassingar onsdag 31. januar, kl. 08.25-13.00. Påmelding til rektor@friskulen.no innan 28. januar. Skulen arrangerer og førskuledag for nye førsteklassingar ONSDAG 13. MARS 2024 og ein dag i juni. Ein kan og avtale andre/fleire dagar dersom ein har behov for det.

 

Dersom ein ønskjer å bli elev, fyller ein ut søknadsskjemaet som ligg lengre nede på sida her, og sender søknaden som e-post til rektor@friskulen.no eller i posten. Søknaden kan og leverast på skulen.. For skuleåret 2024-2025 har styret sett søknadsfristen til 1. mars. Tildeling av elevplassar blir gjort etter prioriteringane i Inntaksreglementet som og ligg lenka opp under her.

 

Søknadsskjema til Norheimsund Friskule finn du her: Last ned

Inntaksregelmentet til Norheimsund Friskule finn du her: Les her

 

Ønskjer ein å bytte skule, gir ein melding til rektor ved skulen ein flyttar frå, og rektor der gir melding vidare til offentlege instansar.